Gudbrand Fredlaus

Gudbrand Olsen Tollefsgård var født kring år 1685. Han var son av Ole Knutsen Tollefsgård og Barbo Gudbrandsdatter.  Gudbrand vart i år 1705 gift i Flå med Ingebjørg Persdatter. Ho var født i år 1684 eller 85. Dei hadde 11 onga, mange døydde i ung alder. Gudbrand var nok ein kar med peng. Han handla på gardar og stølsvollar. Dette kunne han ikkje gjort om han ikkje hadde ein del klingende daler.

av Jørgen Holm

I 1713 finn me han i Gol, truleg på garden Ro. Der byttehandla han stølsvollar på Tunnetjeden og Lauvsetstølen. Han fekk då ein hest verd 14 riksdalar i myljolag. Gudbrand var nok av ein uroleg natur som til sine tider hadde ein voldsom livsførsel. I 1711 vart soldat Gudbrand Ro (som han då heitte av gardsnavnet Ro), sett under tiltale for usømmelig framferd mot presten i Nes, Peder Waack og hans kone. I stemninga heitte det: ”Det var under messen i kirken, andre søndag udj faste, der Gudbrand kom i kirken ganske fuld og drukken og satte seg ved siden av prestens kone og pustet henne i ansiktet med den fæle stank av øl og brennevin. Hun prøvde å flytte seg, men det kunde lite hjelpe da han flytte seg efter. Hun måtte da bede bygdelensmann Peder Gautesen om han kunne hjelpe henne af med han, men da lensmannen talte til han og prøvde å få han vekk, blev han enda verre. Lensmannen som ved denne messe skulle døype ett barn, og da stilte Gudbrand seg opp og vilde være med som fadder.” Etter messen drog Gudbrand etter presten opp i Prestegarden, braut opp døra og resonnerte presten før han gjekk. Han kom att fleire gonger. Ein gong med hest og prøvde å ri inn i stugo, men kløvkrokane i salen hekta seg fast i dørkarmen. I stemninga i dette forhold vart det innstemt fleire vitne. Ut av vitna meinte ein årsaken til Gudbrands framferd var at presten hadde lånt 8 riksdaler som Gudbrand begynte å tvile på om han fekk att. Gudbrand skapte skrekk og redsel i bygda. Det var ved fleire høve han var i krangel. Då brennevinet tok slutt, for han rundt og bad folk koma fram med meir brennvin. Fekk han ikkje det, vart han rebelsk og brutal. I 1718 i eit brylaup på Garnås kom Gudbrand i klammeri med sin broder Knut. Han kalte Knut for ein tjuv og brukte så sterke ord og stygge fakter at Knut og Gudbrand gjekk på kvarandre i eit dugeleg slagsmål. Cristian Garnås greip inn og fekk skilt desse to brørne. Slike opptrinn var vanleg i bryllaup på den tida og han Gudbrand var øfto innblanda. Denne gongen vart det ikkje brukt kniv.

Gudbrand hadde garden Ro i Gol, denne selde han i 1717 til Arne Olsson Hoftun for 350 riksdalar. Dette er eit nytt døme på at Gudbrand var ein halden mann. Det kan og nemnast at i 1722 selde han 4 løbel skyldgods i Tolleivsgård til Eirik Eirikson Gaptjeden for 250 riksdalar. Dette var arv då mora skifta i levande live. Som før nevnt, handla Gudbrand på gardar og tok navnet på den garden han eigde. I 1720 heitte han Tolleivsgard. I 1722 heitte han Garnåseie, men i 1724 hadde han etternavnet Brabandt. Der ser det ut til at han vart buande med familien sin vidare. Gudbrand og Ingebjørg Persdatter fekk mange onga. Den fjerde i rekka var sonen Gudbrand født i år 1713. Han skulle koma til å bety mykje for Gudbrand, det skal me koma attende til.
Han Gudbrand var øfto uppe i bråk og slagsmål. I 1721 fekk han ei bot for bråket i eit gjestebod på Garnås i 1718. Då vart han dømd til ei bot på 20 riksdalar. Same året 1721 stod han tiltalt for bråk, overfall og slagsmål hjå monsieus Knut Stud på Bruvollen i Nes. Dette bråket hendte i 1720. Gudbrand kom ridande til Bruvollen, batt hesten i tunet og dundra inni huset og bad om brennvin. Det fekk han ikkje. Han var då fuld og drukken. Han rei bort, men kom snart attende. No prøvde han og å ri inn gjennom døra, men døra var for smal. Dei stengde då døra for ikkje å få han inn. Då sprengde Gudbrand døra med dunder og brak, hug og skrik. Kvinnene vart livredde, noen besvimte og andre bad han dra bort og sagde ”Du har gjort ondt nok”. Gudbrand rei bort, men kom snart attende. Han stana ved søndre enden av brua ved Bruvollen. Da sto monsieus Stud med sin kårde ved bruas nordre ende. Gudbrand hojet, skreik og rei mot Stud som sprang fram og gav han tre hogg i armen. Gudbrand stupte over hestens hode og greip Stud i akslene og fekk han under seg. Begge prøvde å få hånd om kården mens de skrek og skjelte kvarandre ut. Ole Olsen kom til og fekk Gudbrand vekk. Fleire kom til og fekk Gudbrand opp til prestegarden. Der vart sårene bandasjert, mens Gudbrand bannet og skrek at han vilde drepe Stud. Han hadde også ein kniv som ble fratatt han. Då saken kom opp i retten forlangte Stud at Gudbrand skulle settes i arresten fordi han følte seg trua på livet. Gudbrand hadde tatt ut kontrastevning, og dei fekk begge sin dom. Gudbrand ble dømt til å bøte 40 lodd sølv, mens Stud skulle bøte 6 lodd for hvert hogg med kården. Dessuten vart han dømt til å betale Gudbrand 8 riksdaler for tort og svie.

I 1731 var Gudbrand Braband atter i retten for å ha brukt kniv. Det skjedde i Tollefsgård hos løytnant Leshøe. Som vanleg så fløt brennvinet i store mengder. Det vart mykje krangling og sterke ord. Det var beskyldningar om både tjuveri og fleire andre forhold. Gudbrand Brabandt og Syver Moen krangla om retten til eit fiskevatn. Kniven satt laust. Gudbrand kom også i klammeri med ein Anders Pedersen, som seinare, då lyset var slukket, fekk eit stygt knivstikk i overarmen. Korporal Oppen fekk også eit stygt knivstikk i det ein mann for ut av det mørklagte huset. Det vart stor forvirring og ingen kunne med sikkerhet si kva som hendte i mørket. Gudbrand var sett med kniv i hånden, så han vart beskulda for ugjerningen. Gudbrand forsvant frå gården like etter knivstikkinga, som styrket anklagen mot han. Gudbrand sov rusen ut i ei høyløe. Då han vaknet fekk han sjå ein gamal mann ved navn Ole Larsen og bad han hente øl til seg. Då Ole Larsen kom attende med ølet, hadde løytnanten og noen soldater tatt hånd om Gudbrand. Han angret frykteleg på det som hadde hendt. ”Gud bedre meg for mine små børn” sa han. De som arresterte han lot han drikke ein dram. Det var då han sa at han ønsket ”at drikke seg til døde heri”. Verken korporalen eller Anders Pedersen fikk varige mèn etter knivstikkinga. Gudbrand vart ikkje drapsmann denne gangen og heller ikkje seinare. Gudbrand skulle nå settes i arresten, men han klarte å rømme. Fyst 10. september samme høst, altså fleire måneder etter, vart han tatt. Det måtte til 4 mann for å overmanne han. Dei fire holdt vakt, men allikevel klarte Gudbrand å rømme. Han vart heller aldri seinare tatt.

Då Gudbrand rømde frå arresten i 1731, gjekk nok ferden hans til garden Brabandt. Sjølv om Gudbrand ikkje var nokon skvetten kar, la han nok vegen utanom dei mest brukte stigane. Brabandt ligg aust for Garnåsgardane, i ei dalsenkning like ved Brabandtbekken. Det gjekk fleire stigar i dette området og Gudbrand kjende dei godt. Det er truleg at Gudbrand tok ein stig som gjekk over Mulleberget ved Mattismoen og opp til Melemstølen. Vidare innover åsen forbi Hjemtjeden. På høgaste åsen svinga stigen nedover til Myljostølen og Brabandt. Terrenget her oppe var ikkje so bratt og skogen stod tett og høg. Det var heller lite folk i desse traktene no på hausten, so Gudbrand kjende seg rimeleg trygg. Lenger nede i skoglia mot Brabandt var terrenget brattare so Gudbrand kunne her ha god oversikt over kva som rørde seg i gardstunet heime. Han måtte rekne med at løytnanten med fire soldater var ute for å pågripe han og dei søkte truleg hit til Brabandt. Det var nok eit nederlag for dei at Gudbrand hadde klart å røme.

Ikkje noko tyar på at Gudbrand var nokon hustyrann og stygg mot kjerring og onga. Det var nok slik på denne tida at det var mannen i huset, han far sjøl som bestemte over alle. Dei tok nok vel i mot han far då han kom heim som rømling. Gudbrand hadde huslyen sin her i Brabandt med kjerring og seks onga. Dei tre eldste gutane var i 20 års alderen og var nok viljuge til å hjelpe far sin. Den hjelpa dei kunne gje han no, var å skaffe han mat og klæu slik at han kunne overnatte i forhaugen i låven eller andre uthus. Likeeins å varsle han om bygdelensmannen skulle koma og leite etter han. Det gjekk nok godt an å overnatta i fjøs, saustall eller hestestall om han var rimeleg trygg for dei som ynskte å få kloa i han. Myljostølen vart sikkert eit brukbart sted for Gudbrand og følte han seg veldig trygg kunne han faktisk sova i ei varm seng inne i stugo i Brabandt. Det vart stadig spurt etter Gudbrand Brabandt på tinget i Nes. Lensmannen hadde ordre om å gjera alt for å pågripe og få Gudbrand i arresten. Fyrst i 1733 vart Gudbrand dømt for knivstikkinga og til tre års arbeid på Akershus festning. Dette vart rekna som slavearbeid og var nok ikkje noko for han Gudbrand. Det å få ein slik dom var ein alvorleg sak, so Gudbrand måtte frå denne dag leva som ein fredlaus mann. Han hadde helde seg i skjul i Garnåsskogane eit par år allerede og hadde lært seg til å unngå å bli fanga. Det var store skogstrekninger her som gav Gudbrand mogelegheiter både til å halde seg skjult og skaffe seg mat. I dei svære skogstrekningane i Flatdalen som strekte seg heilt til Torpo i vest, til Espesethåsen og Skirvedalen i sør og aust. I desse skogane var det vilt av alle slag. Det var rikeleg med skogsfugl, hare og elg. Det var godt med fisk både i Flatdalselva, Dokkelva og vatne lenger innover mot Buglebjørk og Fjellset.

Det har vore vanskeleg å finne reisti etter hyttu eller krypinn som Gudbrand kan ha brukt. Det kan ha fleire forklaringar. Ein av teoriane er at det var svært gamle grantrær med kvist so tett at regnvatne ikkje trekte igjennom. Inni ei slik svær gamal kvistegran kunne ein på ein enkel måte innreie til eit krypinn. Det var lunt, bakken var dekt med eit tjukt lag barnåler og lav som grana hadde kvitta seg med i meir enn hundre år. Dette gav eit turt og godt underlag til å ligge på. Det gjekk og an med varsomheit å ha ein liten varme inni dette hiet. Slike svære kvistegraner fantes det overalt i dette skogområdet. Gudbrand kunne ha mange slike enkle krypinn rundt omkring. Det var nok heilt nødvendig å stadig flytte på seg for ikkje å bli fanga. Krypinna ville røtne og bli borte over tid. Skogen vart hogd og alle spor fjerna.

Gudbrand hadde mange nære slektningar som kunne hjelpe han. Han hadde 4 vaksne søner og 2 brør. Alle var nok viljuge til å skaffe han mat og kanskje tak over hodet. Dette var også farleg for dei. Å hjelpe ein fredlaus kunne gje dei både bøter og fengselsstraff.
Gudbrand Brabandt var ingen fattig mann. Han hadde peng til å kjøpe seg det han trengte. Det kunne vare skinn av alle slag, til å isolere desse krypinna som han truleg budde i. Saueskinn inntil kroppen i kalde  vinternetter hjalp han til å halde på varmen. Desse var både tette og varme, ja sikkert det beste han kunne skaffe seg på den tida. Det kosta peng og det hadde Gudbrand. Folk var nok viljuge til å selja, når dei fekk peng av han. Gudbrand hadde truleg både skytevåpen og anna han trengte til å skaffe seg mat av vilt og fiske. Han brukte nok snare til å fange både skogsfugl, ryper og hare. Til større dyr måtte han bruke rifle. Fiske var sikkert viktig og det var det rikeleg av både i Damtjeden og Skirveåne. Han Gudbrand kjende godt til fiskeplassane, særleg i Skirveåne. Me må også tru at han kjøpte seg mat av folk som budde litt avsides. Peng var sikkert, då som no. Hadde ein peng, so fekk ein ko som helst. Ein må tru at det hardaste for ein som levde slik uti skog og mark, var kulda vinterstid. Han fraus nok mykje, ja kanskje var det frosten som tok livet av Gudbrand til slutt.

Om Gudbrand levde til i år 1743 eller lenger, so var han då ein mann burti 60 åre. Med det livet han hadde levd, var han sikkert ved svekka helse. Då skulle det lite til før livet var slutt. Han Gudbrand levde som fredlaus i meir enn ti år, ja kanskje nærare femten år. Ein av sønene til Gudbrand, han heitte òg Gudbrand, og var født i år 1713. Han vart gift med Liv Kitilsdatter. Dei vart eigarar av garden Solheim i Rukkedalen. Solheim låg ved inngangsporten til Skirvedalen som Gudbrand søkte å skjule seg som fredlaus mann.  Han trengte både mat og klær, ja kanskje varmt hus i kalde vinternetter. Han Gudbrand i Solheim hjalp nok far sin med både hus og mat. Mor til Gudbrand i Solheim, ho Ingebjørg fløtte nok og til Solheim. Ho vart buande der til sin død i 1759. Gudbrand vart av og til sett i Solheim hjå sonen sin. Da han ikkje vart pågripen der, so kan det koma av at Gudbrand aldri gjorde noko gale mot bygdefolk. Det er ikkje nevnt, at han tjuveslakta husdyr, eller forgreip seg på anna måte. Dermed var det ingen som meldte frå om dei såg han.
Skirvedalen var truleg eit høveleg sted for Gudbrand som måtte halde seg skjult. Terrenget var kupert med bratte skrent og høge berg. Ein fredlaus hadde godt utsyn over terrenget rundt og ikkje minst stigane som gjekk  innover her. Frå Sandanåsen var det godt utsyn over nedre del av Rukkedalen. Solheim låg nær upptil Sandanåsen, so her kunne Gudbrand sitja og sjå rett nedi gardstunet. Solheim hadde sikkert støla i Skirvedalen, då som no. Der kunne nok Gudbrand væra i ei seterbu, men der var han ikkje den dagen han døydde.

Som før nevnt, vart det spurt etter Gudbrand Brabandt på tinget i Nes, ja fleire gonger. Det er nevnt 1743, siste gong var i 1753. Det vart og spurt om han åtte noko til å betale diverse bøter med. Det var då svara at han åtte ingen ting og at det var 6 -7 år sea nokon hadde sett den arme mannen. Andre meinte at det var heile 10 år sea dei hadde sett han siste gongen og at han då helt seg i skjul i skog og mark, og levde som ein fredlaus mann. Dei siste gongene Gudbrand vart sett i Solheim, var han prega av det harde livet han hadde levd. Den spreke kraftkaren hadde eit tyngre gangelag og ryggen var noko bøygd. Det gjekk ikkje so lenge før ingen såg han meir i Solheim eller at han vandra innover i Skirvedalen. Han Gudbrand døydde her inne i sit skjulested, men ingen har funne stedet. Han vart ikkje lagt i viksla jord, han Gudbrand, og då trudde mange at han vandra rundt inne i Skirvedalen som gjenferd og dei hadde liten hug til å møte han slik. Det er ingen som kan si med sikkerheit når han døydde. Det er nevnt, år 1743, då hadde han levd som fredlaus i tolv år. Andre meinte han vart sett i Solheim seinare. Han endte sitt liv som ein fredlaus, einsam mann i villmarken.