Rukkedalen og Rukkedøler

Rukkedalen har ikkje alltid vøre navnet på denne dalen. Rolf Baggetun skriv i boka "Langslet-slekten" at Eidal, som er ein av dei gamle gardane, var tidligare navnet på dalen og elva heitte Eidalselva. Eidalen er ein avledning av eid som betyr innsnevring i fjell, som kan bety lett veg myljo to bygder. Rukkedalen er en hengende dal og vert danna av isen for om lag ni tusen år sea. 

av Jørgen Holm

Rukkedalen er ei siegrend til Nes kommune og dalen er tolv km lang og har hatt tre skulekretsar. Eidal skule, Espeset skule og Syversrud skule. Under sentraliseringshysteriet i 50- og 60- åra vart dei tre skulekretsane slege saman til ein krets "Rukkedalen skule", og enkelte politikera arbeide for å fjerne heile skulen og legge den til skulen i Nesbyen sentrum. Begrunnelsen var at det var for få onga te å uppretthalde eigen skule i Rukkedalen. Dette likte Rukkedølen dårleg og sette i gang for å få ongetalet opp, ja så heilhjarta gjekk dei inn for saken at skulen heldt på å bli for liten.
Rukkedølene er eit stribarka folkeferd. Rukkedalen har på mange måta vøre eit samfunn for seg sjøl, og det har budd etter måten mange folk i denne trange dalen. Eg vil nemne at so tile som i 1886 kom den fyrste forretningen her. Handelen var navnet i daglegtale, og her vart mangt og mykje drøfta, og ingen vart spart av skråtobakk- og snuselskande Rukkedøler.

"Handelen" hadde sin absolutte plass i eit bygdesamfunn som Rukkedalen. Det var nok mange som var betenkte til ei krambu mitt i bygde, ja for der var det lett å bli kvitt pengane sine, meinte dei. Det vart nok lettare å få kjøpt styggedomer som skrå og snus, men det var mange andre ting å få kjøpt på handelen. Der hadde dei alt folk trengte, ikkje berre tobakk, kaffe, sukker og kveitemjøl, det var sirup og parafin og det som var endå viktigare; ljå, både langljå og stuttljå. Ørv til å halde i var av tre og det laga karane sjølve. Det var nok smiu i bygde som kunne laga det meste, men ein ljå eller ei øks som var fabrikklaga var ofte letare, tunnare og kvassare. Det var viktig med god reidskap. Ljåen var i bruk mest heile sommaren til langt utpå hausten. Det var om å gjrea å slå alt graset som vaks både på innmark fyrst på somaren og i utmark seinare mot hausten. Det var om å gjrea å ha mykje for i hus då vinteren kom. Då kunne dei ha fleire kyr om vinteren, det vart meire mjølk, meire smør og ost og dermed litt meire mat til ongane og seg sjølve.
Det var ein utprega naturalhusholdning. Den kampen for det daglege brød som folk førde for hundre år sea, er det ingen som forstår i dag. Det var slik for Rukkedølene som for alle andre. Ei god øks var mykje verd.

Mannfolka dreiv i skogen heile vinteren. Det trengtes mykje ved, alt vart kont og steikt med varme frå veafyring. All oppvarming i kalde og trekkfulle stuguer var vedfyring. Tømmer til salg elle ritl eige bruk måtte hoggast vinterstid og økse vart brukt både til å felle treetmed, kviste og barke, då var det viktigast med ei kvass øks. Men denne tide var det stille og fredelige i Rukkedalsskogane, ingen traktordur eller iltre lyder frå motorsag.
Dei små og brattlendte gardsbruka i Rukkedalen ga ikkje åleine utkomme til ein familie, men dei hadde stølane og fjellet, og det var sjølve storstugu for folke her. I fjellet var det romsleg og gode beite både for kyr, sau og geiter. Det var vanleg å ha alle tre dyreslaga. Men det vara kyrne som var det viktigaste. Geita var eit nøysomt dyr som gav godt atte for foring og stell. Mange laga det dei kalla blandingsost. Det var halvblanda geite- og kyrmjølk og dei konte ost av det, og det vart ein god og smakleg ost. Denne osten brukte dei mest i eige husholdning. til salgsvare av geit brukte dei berre geitemjølk, det vart ekte geitost.

I ein naturalhusholdning måtte det vera sau, den gav både ull og kjøt. Ulle vara viktig, både til strikkeklæu, som votter og sokka, men i rettig gamal tid strikka dei undekler av ullgarn, særleg til jenter som gjekk i stakkeklæu og skjørt. Vadmelsklæe var og av ull, dette var mannfolkklæe vinterstid, det var gode skogsklæe.

I flokk og følge drog Rukkedølene til støls ved sankthans tider. Alle stunda til fjells, dyrene til det goe og smakelege smylygraset og vaksne som ongar til det frie livet på stølen. Dei gler seg til å treffe atte stølsnaboane frå i fjor, det er andre naboar enn dei heime, andre folk å prate med. Det samme med stølsguten og stølsjenta so ikje hadde sett kvarandre sea i fjor sommar. Dei hadde gjerne vørte lite meir vaksne, so dei likte godt å treffast.
Fiske i Rukkedalsfjelle har vøre ein viktig ressurs for folk. Det er henta mykje mat i fjellvatna, elvar og bekker. Folk har til tider leigd burt grunnretten sin og tent nokon kroner på det.

I ei fjellbygd som Rukkedalen, har det vore kjærkommet med ekstrainntekt av jakt, fiske og utleige av hytter og stølsbuer. Men det kom og fleire som var interesserte i jakt og fiske og som kjøpte seg stølsvollar med jakt og fiskerettigheter og bygde seg store fine hytter for ferie og jakt og fiske. Det var Rukkedøler som trengte penger og var ikkje så vanskelege å overtala til å selge stølsvollen sin. Ofte fekk dei halde fram med stølsdrift, men kjøparen hadde alle rettighetene.

Folk i Rukkedalen har gjennom alle tider drivi jakt og fangst i fjelle, og det var vel det dei fyrste folke dreiv med som slo seg ned her. Fjellgarden Trondrud er trule den gamlaste buplassen i Rukkedalen og det var sikkert veidemenn som kom streifande i fjellet og slog seg ned her. Fangstmåten var enkel og primitiv, men både genial og effektiv. Det kan påvisast ei mengde dyregravi og bjørnestiller rundt i åsane her. På 1700-talet var rovdyrbestanden så stor at det vart drivi utstrakt jakt og fangst på både ulv, bjørn og gaupe, alle middel vart teke i bruk og det var heilt nødvendig å verne husdyre sine, for det var av husdyre dei skaffa seg både mat og klæe. Rovdyre drep alt dei kom over, elg var so og sea utrydda.
To brødre Espeset, Kristian og Sølve, som levde på 1800-talet, dreiv utstrakt jakt og fangst på dei store rovdyra, og hadde skaffa seg jaktrifle (munnladningsrifle). Dei skaut eit dyr innved Bruset, som dei ikkje visste kva var. Karane fekk frakta dyret til bygda på ei slede, og folk kom for å sjå dyret, men ingen av dei frammøtte hadde sett eit slikt dyr eller kunne sea kva det var. Då vart futen budsendt og han kom og kunne avgjera at det var ein elg. Karane vart bøtelagde fordi elgen var freda, ja so sterkt var elgen utrydda av rovdyr at ingen dålevande hadde sett ein levande elg.
Det vart drivi utstrakt jakt og fangst på både rovdyr og rovfugl alt på slutten av 1700-talet. Men fyrst på 1800-talet merka folk at bestanden av matnyttig vilt begynte å ta seg opp, men det gjekk sakte, fyrst på slutten av 1800 talet var viltbestanden i god vekst.

Fok dreiv mykje med snarufangst av rype, og bestanden auka sopass at det vart fanga store mengder kvar vinter. Rupe og storfuglbestanden heldt seg godt oppe i lange tider.

Etter kvart som rovdyrbestanden vart begrensa, so mista folk fåare av husdyr og det mektes ein viss velstandsøkning. Det var og utbetalt skåtpremie for både rovdyr og rovfugl, det gav då eit rimeleg utkomme for både dei som dreiv snarufangst og matnyttig vilt og for deis om dreiv jakt og fangst av rovdyr og rovfugl.

Vegsambande i og ut or Rukkedalen har ikje vøre den beste. Til langt uti 1800-talet var det stort sett stiga, kløvjavegar og slepu som gjekk gjennom dalen. Rukkedølene hadde mest samkvem med Tunhovd - Skurdalen - Nore og Ål, men sjølsagt også Nes. Ferdselen over fjellet til Numedal var like lettvint, då folk hledt mykje til i fjelle.

Den fyrste vegen for hjulreidskap kom ikring 1870, men det var fyrst i 1912-1915 at det vart bygd veg tå bedre standard og den kunna trafikeras med både hestevogner og bil. Bergensbanen var no kommen gjennom Hallingdal og Nore-fallet skulde utbyggast. Der skulde staten bygge det som vart kalla Nore Kraftverk. Vegen frå Rødberg og opp til Tunhovdfjorden var so bratt og uframkomeleg at transporten til kraftanlegget vart lagt til Nesbyen og opp Rukkedalen. Dete gav Rukkedalen og folket her eit puff framover og det vart stor trafikk fyrst med hest og seinare med bil. Dei fyrste åra gjekk all transport frå jernbanestasjonen i Nesbyen til Tunhovdfjorden med hest. Og Rukkedølene sto denne gangen fyst i køen. Dei som frå før hadde ein hest, kjøte seg gjerne ein til så dei køyrde med to. Det gjekk lange rekker med hestar. Frittalende og snuselkende Rukkedøler og mange andre brukte eit saftig språk, dei vart prega av anleggssluskene og rallarane alla saman.

Annleggsslusken kom ofte traskande på sin fot opp Rukkedalen, dei spurte ette veg og mat og arbeid. Desse rallarane var som regel blakke og tok gjerne arbeide for mat og husly. Dei gjorde kva som helst for mat og kvile, ja, so traska dei vidare.

Bil kom i 1917. Det var lastebilar med førarhus utta døra og på kompakte hjul. Luftringa var det ingen som hadde. Dei bråka noko forferdeleg, dunderen av hjula mot grusvegen og ein motor som kunne vekke opp døde. Desse doningane kunne høyrast på lang lei. Både folk og fe vart skremde. Dyra rømde til skogs og hestane på vegen vart heilt rebelske. Han Kristen og ho Ingebjørg som var på veg til Nes, møtte ein slik bråkande lastebil, dei vart so redde at han Kristen tok kjerringa på strak arm og hevde ho over skigarden og hoppa etter og sprang til skogs og gøymde seg. Fok sa at desse bilane måtte vekk so det vart fredeleg atte i Rukkedalen, men det gjekk nok ikkje slik og det likte nok ikkje Rukkedølene.

Åndslivet i Rukkedalen har bestandig stått sterkt. Folket har vore flinke til å gå i kyrkja og dei fleste har hatt ei ærle go velmeint gudstru som dei har prøvd å halde seg til. Men det er nok dei som like og vise seg fram i kyrkja og stå på godfot med presten. Rukkedalen har gjennom tidene vøre godt besøkt av misjonæra og predikanta av ulike slag. Dei hadde sine misjonsforeningar og alle sa at det var dei som forkynte den einaste og rette vegen til himmelrike og det evige liv. For 50 til 100 år sea var dete misjonærarbeide på sitt aller mest aktive. Desse predikantane prata ikkje så fint om andre misjonæra og det splitta meir enn det samla i bygde. Desse predikantane dukke gjerne opp på hausten og imot juletider. Det var slaktetid og rikeleg med mat rundt på gardane og dei vart fødde omkring hjå folk. Dei var glattbarberte og runde og velfødde, med brylkrem i håret so lukta godt. Denne årstide var det og lange og mørke kvelda og då var Rukkedalskjerringane lettare å skremme til kristelege handlingar. Det var kvinnene som var i fleirtall på misjonsmøtene. Folk i Rukkedalen var ikkje verken verre eller bedre enn folk flest. Dei fleste var arbeidssomme ærlege folk med ei god og ærleg gudstru, i alle fall til vanleg husbruk.

Nokon var småkjeltrinar og snytte litt på skatten, men store drevne kjeltringar var det lite av. Var det nokon av det slaget so drog dei gjerne til byane der mulegheitane var betre og romslegare.

Rukkedølene har hevda seg gdot i politikken og har vøre godt representerte i kommunestyre og anna kommunalt styre og stell. I rikspolitikken har det ikkje vore so mange, men Reidun Brusletten var bistandsminister i Willochregjeringa i 1983-1986. Far til tidligere kirke- og undervisningsminister Lars Roar Langslet kom fra garden Langslet i Rukkedalen.

Eg vil og nemne storspelemannen Odd Bakkerud. Han var ein av Norges fremste hardingfelespelemenn og tolkning av norsk folkemusikk og ekte Rukkedøl.

Det er ingen Rukkedøling som har vinni 50 km i Holmenkollen eller hopprennet i sama bakke. Men skilegenden Olaf Rodegård 94 år i januar 2005, er ekte Rukkedøl og framleis tek han på seg slalomskia og sett utfor den mest krevjande løypa i alpinbakken i Natten. Han drog til Amerika som 18 åring i 1928 og gjorde seg bemerkt som ein framifrå alpinist utover i 1930 åra. Han vart amerikans statsborgar og utteken til OL i 1940, som vart avlyst på grunn av krigen. 1952 var han lederen for den amerikanske alpintroppen. Han dreiv som skiinstruktør i mange år og har lært mange rike menn og store stjerner kunsten å stå på ski. I Sun Valley var han i 18 år. Han var på New Zealand som fyrste skiinstruktøren i 1947. Broren til Olaf - Syver Rodegård - var ein god langrennsløper og vann Dyneløpet i 1938. Dette gjekk frå Ål over Dyna til Nesbyen. Turen over fjellet var slitsom, og på snaufjellet Dyna - Fjellset - var det nysnø i sporet so Syver som kom fyrst måtte brøyte seg fram. Men han kom so tidlig og overraskande til mål i Nesbyen at sekreteriatet ikkje var klare til å klokke han inn. Dei fekk det ansamt.

Det gjekk ikje som Rukkedølene meinte i 1917, at bilen måtte vekk frå Rukkedalsvegen, so folk fekk gå i fred. I 1925-30 kom dei fyrste rutebilane. Det var fleire som prøvde seg med rutekøyring og konkurransen var stor. Dei sette navn på rutebilen sin (som var vanlege personbila), ein heite Rutebilen Snøgg og ein bar navnet Trygg og ein trea heitte Sikker, dette skulde lokke folk til sine ruter. Den fyrste rutebilen som vart bygd som buss kom litt seinare, i 30 åra. Denne bussen gjekk til Myking og fekk navnet Noas Ark. Eigaren av bussen likte det so passe, men navnet vart brukt. Ei dame som kom med toget frå Oslo go skulle til Myking hadde fått opplyst at ho skulle følge Noas Ark får Nesbyen. Bussen sto og venta nettop på dama og ho spurde inn gjennom døra: "Er dette Noas Ark?" Sjåføren svara "Ja, me vente bærre på ei gås so sko me køyre!".

Rukkedalsvegen vart utbetra og fekk fast dekke og biltrafikken auka kraftig. I dag kjem det veldig mange turistar til Rukkedalsfjella for ferie og rekreasjon. Det bur fleire folk i Rukkedalen no enn nokon gong, og ungetalet held seg godt oppe, so det er gode utsikter for skulen vår. Rukkedølane har vøre flike til å følge med i forandringi i samfunnet, dei har hengi godt med i svingane. Det er stor aktivitet i bygde, og særle i fjellet med hyttebygging og turistaktivitetar. Fjellet er som det bestående har vøre, sjølve storstugu vår. Eg tru me kan sjå lyst på framtide for dalen og folket som bur der.