Stølsliv

Når vinteren var over og skula var slutt, så var det neste me såg fram til å fløtta på stølen. Skula var slutt sist i mai i min barndom. For 60-70 år sea var det framleis slik at skuleåret måtte ordne seg etter arbeidslivet i bygda.

av Jørgen Holm

Me flutte på stølen kring 20. juni. Det var været som avgjorde bufarstide, var det tidleg vår og varmt vær kunne me reise til fjells før 20. juni. Var det kjølegt vær hendte det at me ikkje kom i veg før st.hansdagen, men då måtte det skje, både folk og fe lengta te fjells.
Fyri på Stølen
Det det var to generasjona i vaksen alder, var det slik at ungdomen reiste fyri på stølen. Det å hadde vørte so vaksen at ein fekk reise fyri på stølen, var noko ekstra, men dei måtte både kunne mjølke, separere mjølke, ta vare på fløyta ette separeringa og kinne smør. Mjølka skulde kokast til ost og dette arbeide måtte gjerast skikkeleg så osten ikkje vart øydelagt og primen (brunosten) ikkje vart sanden. Men dette arbeide sette dei unge all si ære i, og nåde dei om noko gjekk gale.
Det var mykje ungdom på alle støla denne fyste veka i fjellet, og alle følte seg frie og glade. Det vart dansa og alle mora seg, det var sang og latter på alle stølsvolla, dei hadde ingen gamlinga te å dempa humøret.
Ungguten som hadde ei jente han tykte veldi godt om, kunne gå lange strekningen over fjell og myr for å treffe henne. Var jenta ekstra vakker so var det ofte fleire på same stigen og då vert det ikkje så sjelda nevekamp, men det var slettes ikkje slik at den sterkaste alltid fekk jenta. Men sjøl om ungdomen sang, nokon let på munnspel og andre på toraderen, så var det naturens orgelverk som dominerte. Fuglane sang, gauken gol og jenta glei viljugt inn i unggutens armar, då banka hjarta fortare enn fort.
Dei gamle som var atte heime på garden, hadde sikkert godt av å væra åleine nokon daga i denne tida. Det var ofte trangt i dei gamle hallingstugune, folk budde tett innpå kvarandre heile vinteren og då hadde alle godt av å væra litt for seg sjølve.
Bufarsdagen
Denne dagen var ein høgtidsdag. Når varmen kom for fullt, flugo og kleggen plaga kyrne så dei berre sprang og slo med rova og rauta og bar seg, då vart fløttedagen fort bestemt.
Då vart det travelt for alvor og for alle. Ho mor måtte passe på å få med alt av både klær, sko og andre ting til fire-fem ungar og dei vaksne. Alt måtte pakkast og stå klart i gngen kvelden før dagn. Det var ingen som reiste fyre på stølen hjå uss. Ho mor hadde mange vaktarkyr (det var kyr for andre ho vakta om sommaren igjennom), og ho vilde sjølv vara klar på stølen og ta imot desse framande kyrne, ho vilde sjølv strøke handa si over ryggen på kvart enkelt dyr og ynskje dei velkomne til støls. Me vart alle tile oppe bufarsdagen, og kvar og ein måtte hjelpe til. Lasset på hestevøgne måtte lessast ferdig før kyrne slapp utor fjørset. Det var han far som lesste på vøgne, det måtte gjerast tå ei øvd hand so alt låg trygt og ikkje ramla av på ein kronglute stølsveg.
Bjølla vart sett på kyrne og då visste både ho Kranselin og Gulldokka kva dette betydde. Blakken vart sett for vøgne og me ungane var kledde for turen til støls, me gutane hadde ein bjørkepåk i neven, den slo me i bakken med for å få fart på ein kalv eller kvige som vart hengande etter. Grinde vart opna og så bar det i veg, då var det ingen som kunne snu, for no gjekk det fort, kyrne pressa på og Blakken med lasset måtte skritte kraftig ut. Det var den fyrste halve km som alt gjekk så fort. Graset i vegakanten vart for fristande for kyrne so dei måtte smake på denne saftige gode maten og då roa det seg ned til ein rolig gange. Han Harald som var den som helt størst fart og gjekk stort sett på femte gir, hadde ei bukse som mor hadde sydd tå eit gamalt stakketøy, dette var laust og morkent so knappane sat dårleg og knapp fo rknapp forsvant, tilslutt heldt han på å miste buksa. Då ropa Harald "no kan ikkji e jaga mair for nå har e nok med å halde oppe brokji mi". Me reiste heile Rukkedalen opp til Rukke og viare om Jordeslie til Nystølen. Dette var ein lang bufarsveg, so me var veldig glade då med var framme på Nystølen og veldig trøtte.
Vaktarkyrne kjem
Andre og tredje dagen me var på Stølen, då kom vaktarkyrne. Ho Kari og han Johan kom, me høyrde den kjende Rukkebjølla på lang veg, det var ho Kransekoll som bar bjølla og kom fyrst, dei andre kyrne kom på rad og rekke. Neste dag kom ho Margit og han Lars, den kvitdroplette kyre, ho Sommargo bar bjølla og var like stolt som før. Då kyrne møttes, so måtte dei finne ut kem som var sterkast og det vart då eit krafttak, den sterkaste var sjefen. Når denne rangeringa var over, vart det som regel ro i flokken.
Kyrne vart sett i fjøset, dei gamle fann som regel båsen sin frå i fjor. Ungdyra måtte leiast på bås, men alt gjekk vanlegvis greit.
Men nå var alvoret komme til alle. Kyrne skulde mjølkast og alle måtte være med, heilt ned i 8-10 års alderen måtte me delta i mjølkinga. Det var veldig slitsomt syntes eg. Når mjølkinga var undagjort, so var det inn i stølsbue og sette i gang med separering. Dette arbeide pågjekk lenge utover kvelden, me sveiva separatoren etter tur, ho mor toks eg av den separerte mjølka og fløyta. Det var veldig godt å koma til sengs om kvelden, om småtrosten sang aldri så fing og gauken gol på harde livet, me høyrde det ikkje, svevnen tok oss fort inn i draumeland, etter ein slik arbeidssam dag.
Morgonen kom so altfor fort, det kunne være godt å få sova lengre, men nei, klukka seks, seinast sju måtte me opp. Det var ein ny dag, kyrne måtte mjølkast og so måtte dei ut på beite. Mjølka skulde separerast og ostekokingji koma i gang. Det tok mange tima med primkoking, dette måtte være ferdig til kyrne kom attende mot kveld. Ved måtte bærast inn til både primkoking og matlaging. Vatten måtte bærast inn fra bekken, gjaldt det vatn til å vaske smøret i, måtte det hentas fra smørvassølda, det var ei oppkomme lengre nede, med krystallklårt vatten. Fjøset skulde og reingjerast og golvet skulde sopast og fjøset skulde helst stå i gjennomtrekk for å få inn frisk luft.
Det var han far som henta den grove veden og køyrde den fram med hest, men kvar einaste dag drog me ungane kvist frå skogen. Kvist var ekstra god under primkjelen, særlig brann brisken godt.
Det va travle daga, men vist alle sto på og deltok i arbeide så vart det og ei tid midt på dagen til leik og moro. Me for rundt på Kulusetberget, Nystølberget og Bolleberget som jaktmenn og krigera. Me utforska terrenget på leiting etter reir. Trostereir var det over alt. Storfuglreir fant me under store kvistegraner og rypa hadde ofte reir i brisk og vierkratt. Men sjøl om me hadde eit par tima med leik og moro so låg alrvoret bak. Me måtte og lytte etter kyrbjølla, so me visste kor dyra gjekk til ei kvar tid.
Me kjende alle bjøllene på låten. Rukkebjølla og Treobjølla hadde kvar sin låt. På kyrne våre var det to bjøllu som var å merke seg. Det eine var Holmbjølla (som far hadde kjøpt på auksjon ette bestefar sin), denne bjølla hadde to lyder; slo bellen mot langsia i bjølla var lyden kald og hard, men slo bellen mot kortsia var det ein mjuk lyd. Den andre bjølla var Haugabjølla med sin kalde klare låt, den bar godt og høyrdes langt. Me kjende godt den djuke donk - donk lyden til Trondrudbjølla og Rudningsbjølla på Timremannsstølen med sin djupe klang.
Dagane gjekk, kyrne kom i rimelig tid heim om kvelden, mjølkingi og separeringi kvar kveld og morgon. Me sovna like fort kvar kveld og var like trøyte kvar morgon. So ein dag kom han Johan med sekken på ryggen for å hente ost og smør tå kyrne sine. Han hadde då med seg ei pakke kaffe til mor og ei plate kokesjokolade som mor la på øverste hylle i mjølkebue. Me visste alle om det, men ingen tørde å røre noko. Me fekk smake godsakene, men berre når alle var samla.
Uti juli var det tid for slåtten heime og far hadde då med seg ein tå os ungane til hjelp. Det tok vanlegvis eit par veker, då vart det ekstra mykje arbeide for oss som var attende på stølen. Tida gjekk fort og kyrne var snille og kom heim til vante tid om kvelden.
Kaffikosen
Mor hadde ikkje på primkjel kvar dag og det var meire som ein fridag for henne. Då kunne ho ta seg ein tur til nabostølen, enten Kuluset eller Timremannstølen for å prate med andre stølskjerringer og desse kjerringane kom av og til og besøkte mor. Dei prata og lo, drakk sterk kaffi og skrepte tå fløytelappane og gommosnippane, roste kaffien og hadde det trivelig. Dette synes me ungane det var veldig moro å høyre på.
Det haustas
August kom, far var ferdig med slåtten heime og no sto slåtten på stølen for tur. Kyrne var tyngre og seinare for kvar dag, og dagane vart kortare og kortare. Kyrne kom ikkje før i skråmingi (skumringen) om kvelden, det vart mørkt då me dreiv med mjølkingi og alt vart tungvindare. Ei parafinlampe vart noko brukt, men den gav ikkje mykje lys. No måtte me til og passe på dyre so dei ikkje la seg burte om nåtte. Det var ikkje så bra at kyrne la seg ute nåtte over. Begynte dei fyrst med det, so heldt dei på å legge seg borte. Mjølka minka og det vart mindre både smør og ost og mindre pengar til sko og klær for oss ungane.
Det var berre ein ting og gjera, me måtte dra i veg nedover i liane tidle på ettermiddagen for å finne dyre og få dei heim til fjøset i rimelig tid om kvelden. Men det hende nok at kyrne hadde svingt ein annan retning enn me trudde og då vart det ikkje så greit å veta om dei var lengere vest eller lengere nord, høgare opp eller lengere ned i lie. Me sprang og gjekk, lydd og lokka, mørke kom fort sist i august og det hende at me held oss i nærheiten tå ein bekk for ikkje å miste retningen i mørket. Me var ofte redde, ikkje for mørke, men høyrde me ein elg sprang so det dundra i bakken like ved, ja då sto nok hjarta stille eit bel og det hende nok at me gret lite grande. Men so kunne me høyre ei kyr raute eller ho Kranselin rista i haugabjølla, då steig motet og klumpen i halsen forsvann. Det gjekk som regel bra, det var ikkje så langt mylja tårer og smil. No hadde dagane vørte so harde at med begynte å sjå fram til heimreisa.
Me syntes nok det var mykje arbeid og strev, men det var og mykje moro og triveleg. Når ho mor laga ein bolle med mjølkekakerøre som me steikte heile stabelen med mjølkekake på den store takka. Mjølkekake med nykinna smør og brunost på og mjølk som ikkje hadde gått gjennom separatoren, då et me so magen strutta.
Molter fann me kvar sommar og sjøl om ho mor kokte syltetøy av det meste, so fekk me eta molte med fløyte og sukker på og det var veldig godt.
Stølsvollen var slege og foet var i hus, me hadde hoppa og dansa kring forsåtane og leikt gjemsel. Men nå låg foret i luo, det lukte så godt når me gjeng forbi luo, at me vart reing i golage. Kyrne hadde fått koma innpå vollen og då vart dei snillare til å koma heim om kvelden, men berre for nokre dagar, dei falt ort tilbake til gamle synder og vart like seine om kvelden.
Bufarsdagen og heimreisa nærma seg
Lauvskogen gulna borti halle og kyrne virka lite tilfredse. Graset hadde mista den gode smaken og mjølkje minska i kyrne, det var tid for heimreise. Mor likte godt å fløtte heimat sist i veka, gjerne ein fredag, så passeleg før sundagen.
Bufarsdagen vart bestemt fredag nermaste 10.-12. september. Eigarane av vaktarkyrne vart varsla og alle såg fram til denne dagen med same glæa som då me flutt på stølen. Kyrne måtte passast på ekstra godt, det virka som dei forsto at heimreisa nærma seg. Det hende at kyrne reiste heim om dei ikkje vart passe på, særle hvis det var dårleg vær.
Heimreisa
Det var nok mykje styr då me flutt på stølen, men det var endå meir når me skulde heimatte.
Alle stølsvarene skulle pakkast. Smøret var nok i smørbali, men osten, særle primen var omhyggeleg pakka i smørpapir . Han far pakka ostane so fint at eg tenkte "du kunne vøre butikkmann du".
Ostane vart stabla i kasser so dei ikkje skrangla, men låg stødig. Kassene og smørbaline vart sett stødig på hestevøgne. Alt måtte gjerast med ei øvd hand. Katta måtte ikkje bli gløymt atte, då kunne ho blia gåande i fjellet heilt til vinteren og svelte i hjel. Var det ikkje plass på vogna, vart katta børe på ryggen. Bufarlasset var høgt og stort og mykje tyngre enn i vår, men no var det nedover bakke så blakken hadde berre å halde i mot. Kyrne gjekk lett og raskt, ingen kalv eller kvige hengde etter.
Vaktarkyrne vart levert eigaren sin og dei fekk den osten og det smøret dei skulde ha.
Ja sjøl om ho Kranselin rauta tilfreds då ho kom innpå tunet heime og Blakken la seg ned burtafor hagen og rulla seg fleire gonger til han rulla over rygg, so var det ei underleg kjensle. Ein sumar var over.